MOGNE FRUKTER

Sundag 28. november kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard

Sjur Haga Bringeland, blokkfløyter
Stefan Lindvall, barokkfiolin
Siri Hilmen, barokkcello
Daniel Tang Gundersen, cembalo

Under konserten denne sundagen utvidar blokkfløytisten og cembalisten i The Ladys Entertainment kjernebesetninga si til òg å omfatta fiolin og cello. I denne konstellasjonen vil ensemblet framføra triosonatar av dei to store tyskarane av 1685-generasjonen: Johann Sebastian Bach og Georg Friedrich Händel.

Som form sette triosonaten store krav til komponisten. Dei to toppstemmene skulle nemleg handsamast mest mogleg likeverdig, i tillegg til at basso continuo-stemma (cello og cembalo) òg skulle ta del i det melodiske forløpet, altså ikkje berre fungera som akkompagnement.

Bach og Händel var begge geniale når det galt å kombinera songlege melodiar med grundig utarbeidd polyfoni. Verka deira kan difor med rette kallast den barokke trioformas mest mogne frukter.

Christinegaard opnar kl. 12 på sundagar, og i kafeen er der servering.

Foreningen Antikk Musikk blir støtta av Kulturrådet, Bergen kommune, Bergens Riksmålsforening og Fond for utøvende kunstnere.